torsdag 5. juni 2014

– Den Gud skal eg tena resten av mitt liv


Tjatjo desember 2013
Ein utruleg historie om ein gut som no er 19 år. Fortalt av Jorunn Hamre til Ketil Fuglestad i desember 2012.
Jorunn Hamre og presten Oda Genbela har arbeidd saman i Harakallo i Sør-Etiopia om lag 10 år, men inntil for fem månader sidan var Rakissa Segga området heilt uevangelisert. Gadda kyrkje sende difor evangelisten Jamado inn til dette området for 5 månader sidan. 
Her budde gutten Tjatjo Bite. Det vert fortalt at før han var eit år kom det ei «kraft» som kasta han ut av mora sine armar og ned på jordgolvet. Seinare viste det seg at han ikkje kunne gå og at han var stum. Han kunne heller ikkje retta ut hendene sine, fingrane var knytta heilt inn til handflata. Han var ein krøpling og no er han blitt 19 år.
Som liten tok dei han til fire trollmenn og til kvar av dei måtte familien betala ei ku, men dei fekk ingen hjelp. Då dei besøkte den siste trollmannen sa han: "Det finns ikkje hjelp for guten på denne jord".
Andenes avmakt
Tjatjo har ein onkel som heiter Kilta. Han hadde høyrt om ein Gud som kunne gjera under. Nokså samtidig fekk han høyra at det skulle vera stormøte i Gadda kyrkje og der skulle dei møtast som trur på denne guden. Onkel Kilta bestemde seg for å bera Tjatjo til Gadda kyrkje. Han tok krøplingen på akslene og bar han i to dagar og overnatta før han var framme ved Gadda kyrkje.
Då dei kom fram til Gadda kyrkje hadde gudstenesta teke til og det var evangelisten Esa som tala. Når han hadde avslutta talen begynte han å be. Då skjedde det at andene i den stumme guten tok til å hyla og skrika. På Gudji språket skreik dei: "Diba tokka!" Det betyr: "Vi er 100! Vi har hatt vår bustad i guten sidan før han var eit år. Vi har gjort han stum og til krøpling med knytta hender". Dei kristne i kyrkja gjekk straks i bønn og 40 av dei 100 vonde andene forlet Tjatjo
Tjatjo får klær av Jorunn Hamre
– Den Gud vil eg tena
Onkel Kilta blei verande ved Gadda kyrkja i to dagar, men dei 60 andene som var att ville ikkje gi slepp på sitt bytte. Då tok dei på heimveg. Då dei nådde heim sa mora at ho kunne merka forandring på guten. Evangelisten Jamado var framleis i heimbygda og forkynde Guds ord. Han følte eit stort ansvar og ropa til Gud for guten. Plutseleg fór dei 60 åndene som var att, ut av Tjatjo og då den siste ånda forlet guten reiste han seg og begynte å gå og strekte ut hendene. Då sa evangelist Jamado: «Jesus har helbreda deg!» Tjatjo svara: «Den Gud skal eg tena resten av mitt liv.
Familien og naboar kom til tru
Det blei eit sterkt vitnemål om ein allmektig Gud når guten kunne gå og tala og retta ut fingrane etter om lag 18 år som krøpling. Etter at familien og naboane deira fekk sjå dette underet, braut det ut vekking i området og mange kom til tru.  Tjatjo gjekk så attende til Gadda kyrkja for å få opplæring og bli døypt.
Tjatjo
Presten Oda og Jorunn til Rakissa Segga
Presten Oda og Jorunn kom til Gadda kyrkja torsdag 25. oktober i år. Der skulle dei overnatta og ha møte neste dag. Mange kom og helste og Tjatjo og evangelisten Jamado var saman med dei heile tida. Nå vil han få meir opplæring i Gadda kyrkja. Dei kristne der tek seg godt av han og deretter vil han heim igjen til heimstaden.
To dagar etter møtet, søndag ettermiddag 28. oktober, drog Jorunn og presten Oda 1,5 time på motorsykkel innover for å besøkja dei nye som ville tru i Rakissa Segga. Dei møtte 44 som hadde teke imot Jesus og som ynskte opplæring.
Presten Oda er sebbeka (prekeplass) leiar og har ansvar for ca 25 kyrkjer. Han vil dra tilbake og ta seg av undervisninga sidan han har motorsykkel. Han er eit brennande vitne.

Fra utsyn.no


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar