Då Jesus hadde fått eddikkvinen, sa
han: "Det er fullført!". Så bøygde han hovudet og anda ut. Joh 19, 30
Golgata!
du underfulle, heilage haug. Når me tek namnet ditt på tunga, fer det gjennom
ånda vår ein pust av djupt alvor, ei stille glede og ein hjartans takk. Fram
mot deg har menneska stirt og lengta i tusentals år, og tilbake til deg vil dei
sjå så lenge dagane varer. Slik som sola lyser for jorda, er du med krossen din
det einaste ljoset vårt.
Golgata!
der møter me Gud og menneske i ein person, hangande på eit tre. Der møtest Gud
og menneske til forlik, der får synda dommen sin, straffa si og døden sin, og
der blir ormehovudet knasa, fiendskapen ihelslegen og freden underskriven med
blod. Der blir himmelen og porten inn til livsens tre opna, der kjem Gud til
møtes som venn og som far og der blir nådestolen reist så me kan stiga fram for
den heilage med fritt mot og få miskunn og nåde til hjelp i rette tid.
Golgata!
hytta vår på den vonde dagen, ljoset vårt i mørket, de faste berget midt i det
stormande havet, hamna for søkkjande skip, ankergrunnen for sjelene våre og
vegen til det evige livet gjennom grava.
Golgata!
verda hatar deg og trur ho kan finna veg og hamn utan deg; men me veit for
visst at når alle ljosa som menneske kveikte, har slokna, då lyser du i natta
og leier alle som trur, inn til den evige, fullkomne dagen.
----
Då Jesus slokna på
Golgata, var det verket fullført som han tok på seg til frelse for oss før
verda var grunnlagd. På hans lovnad og ansvar har alt vorte halde oppe gjennom
tidene. Alle som vende om og trudde, òg før Kristi død, fekk både nåde og
utløysing i han for syndene sine. Han ber alle ting med ordet sitt, og
lovnadene hans gjeld alle tider og slekter.
Den Gud som møtte Abraham
i Mamrelunden og som gav englane bod om å ta dei skitne kleda av øvstepresten
Josva og la han få nye, var den same som døydde for syndene våre etter
skriftene. Berget som følgde Israel i øydemarka, var Kristus. I den gamle pakta
såg Guds folk fram mot Golgata og trudde på han som skulle komma; me i den nye
pakta ser og trur på han som kom.
Kva skilnad det måtte vera på lovnaden og det
fullførde frelsesverket, vil me la liggja til me ser han slik som han er. Men
det er sikkert, at likeins som ei sol midt i ein sirkel skin på delar av
sirkelen, står Jesus som frelsar både i den gamle og den nye pakta.
Han vil me gripa i tru som einaste redningsmannen, til
han set me vår lit og veit for visst at det han har lova, det har han gjort, og
det han no er i himmelen, det er nok for oss til frelse.
(Ludvig Hope: Eit
ord i dag)