lørdag 17. mai 2014

Gud signe vårt dyre fedreland


Gud signe vårt dyre fedreland Og lat det som hagen bløma!
Lat lysa din fred frå fjell til strand Og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu, Som kristne det kan seg søma!

Vårt heimland i mørker lenge låg, Og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud, du i nåde til oss såg, Din kjærleik oss ikkje gløymde.
Du sende ditt ord til Noregs fjell, Og ljos over landet strøymde.

Og Noreg det ligg vel langt i nord, Og vetteren varer lenge,
Men ljoset og livet i ditt ord Det ingen kan setja stenge.
Om fjellet er høgt og dalen trong, Ditt ord heve då sitt gjenge.

Så blømde vårt land i ljos og fred, Det grodde så grønt i lier,
Men atter seig natt på landet ned Med trældom og tunge tider.
Og folket det sukka etter ljos, Og du lyste opp omsider.

Og morgonen rann, og mørkret kvarv, Som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridoms arv Og honom i trengsla trygde.
Du verna vårt folk og gav oss fred, Og landet med lov me bygde.

Vil Gud ikkje vera bygningsmann, Me fåfengt på huset bygja,
Vil Gud ikkje verja by og land, Kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu I heimen med fred og hyggja!

No er det i Noreg atter dag Med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag, Det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd Til groren ein gong er mogen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar