Kristian Aalgaard og kona Norveig
Kristian Aalgaard var misjonær i Manchuria. Han
reiste ut i 1936 og døde på post i 1944. Kristian var født og oppvokst i
Sokndal.
Tidligere i år var det en misjonssamling i Sokndal
der Kristian sin sønn, Knut, fortalte om årene i Manchuria og den dramatiske
heimreisen.
Da Kristian var ferdig på misjonsskolen på Fjellhaug
i 1935, gav skolen ut et hefte med vitnesbyrd fra alle lærere og studenter. Her
følger Kristian Aalgaard sitt vitnesbyrd:
Eg lyt bera ut fagnadbodet um Guds rike til dei
andre byane og, for det vart eg send for. Luk 4,43
Jesus hadde gjenge burt frå folket, og desse tok til
å leita etter han. Då dei so fann han, vilde dei halda han att hjå seg. Men
Jesus bad dei lata det vera, for han måtte lenger. Dei andre byane måtte og
høyra fagnadbodet um Guds rike. Dette hadde ikkje folket skyna, dei såg ikkje
lenger enn til seg sjølve og sin eigen bate.
Ogso i våre dagar hev me denne slags menneske. Dei
vil njota Kristus i staden for å leva Kristus. Dei kan ha interesse av
ay Guds rike gjeng fram i deira heim og i deira bygd, men lenger ser dei
sjeldan. Fær ikkje mi bygd vekkjing, hev eg liti gleda av å høyra um vekkjing i
andre bygder, og vekkjingar i andre land rører meg ikkje. Dei freistar halda
Jesus att!
Men Jesus segjer: «Eg må lenger!» Vil eg vera i lag
med han, må eg fylgja. Det er ikkje nok at du og eg er frelste, Jesu frelsa var
for alle. Og hev me Jesu huglag, er me misjonsfolk. For Jesu huglag er
misjonshuglag.
No hev han opna dørene på misjonsmarkene som aldri
før. Han er på veg ut til «dei andre byane og» med fagnadbodet. Er me med han
på denne ferdi? Legg me oss utan vilkår i hans hender, vil han kveikja
misjonshugen i våre hjarto. Me fær litt av hans huglag som gav seg sjølv for
oss.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar