Fra Stavanger Aftenblad 23. april 1988
1. juledag i år er det 25 år siden misjonær Bjørn
Stenberg omkom i Peru. Et hardt slag både for familien og misjonsfolket.
Bjørn var fra Hovsherad i Lund. Han ble født i 1962 og
kom tidlig med i kristent arbeid. Han gikk misjonsskolen på Fjellhaug og ble
gift med Anne Grete Gangås fra Trøndelag. De reiste ut til Peru i 1988 og fikk
to gutter, mens en tredje gutt var i mors mage denne skjebnesvangre juledagen i
1991. I Peru hadde familien sin tjeneste i byen Tacna, helt ute ved Stillehavskysten
på grensen til Chile.
Kart over Peru. Tacna helt i sør.
I 1994 gav Bjørns kollega Kåre Fauske, ut ei bok med
glimt fra misjonsarbeidet i Peru. Boka het «På vaskebrett i Peru». Her
forteller Fauske i ett kapittel om det som skjedde i Tacna. Fauske intervjuet
noen som var tilstede da ulykken skjedde, og de forteller:
«Det var ein slik fin dag det hende. Vi var så glade
og frimodige etter medlemsopptak i kyrkja. Det var fem vaksne som vart
medlemmer, og vi feira nattverd. Så hadde vi planlagt denne turen til stranda.
Mange var ivrige og ville vere med. Vi gledde oss. Ein lastebil skulle køyre.
Det var heilt fullt. Alle saman var som ungar. Vi sprang ut i vatnet, og leika
i sanden. Vi hendt på å spele volleyball då det hende.
Fra Aftenbladet 12. august 1988
Plutseleg oppdaga nokon to menneske langt ute i
bølgjene. Mange tok til å springe rundt og rope: Barna mine, barna mine! Alle
var redde det var nokon frå deira familie. Ingen visste heilt kven dei var.
Bjørn heiv av seg skjorta og kasta seg uti. Han kom
raskt ut til dei, men strevde lenge med å få ein av dei innover. Dei kom seg
inn mot klippene. Bjørn prøvde å lyfte og skuve han opp. Så kom det ei stor
bølgje og slo dei mot steinen. Bjørn vart borte i bølgjene. Seinare såg vi han
flyte lenger ute. Per, ein annan av misjonærane som var med, kom seg ut ein
annan stad og klarte å få han i land. Då dei fekk han opp var han død. Dei to
andre vart berga. Dei var ikkje eingong nokon av våre. Vi kjende dei ikkje, dei
hadde ikkje gått i kyrkja.
Folket samla seg om Bjørn på stranda, lamslegne. Så
køyrde dei han vekk bakpå bilen. Vi hadde tenkt å vere der heile dagen. Ei stor
gryte mat hadde vi med. Alt tok vi med tilbake. Ingen rørte det.»
Minneord i Aftenbladet 28.12.1991
Evangelisten Marcelino som arbeidet sammen med Bjørn
den siste tiden forteller:
«Det verste for meg er at vi ikkje klarte gjere noko.
Vi sprang berre fram og tilbake på strand, men kunne ikkje gjere noko. Vi
prøvde å lage ei rekkje ut i vatnet, men bølgjene var for sterke. Det var uråd
å halde saman. Ingen ting gjorde vi…. Det var ei tung tid. Eg kjende meg så åleine.
Mange av dei som hadde gått i kykja, var med på flyplassen då vi sende kista.
Etterpå vart dei borte. Vi kjende oss alle skuldige. Kvifor verna ikkje Gud
eingong tenaren sin? Slik spurde vi kvarandre. Bjørn var så glad den dagen det
var medlemsopptak og nattverd. Han gret av glede.»
«Vi mista han i havet». «Fleire sa det om lag på same
måte då dei fortalde om Bjørn», skriver Kåre Fauske.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar